Mandag 30 November
Kl. 11:00 - 12:30, Aktivitetsrom - Sophus Lie vegen 3
SeniorUni - «Jula i kunsten» med Renate Rivedal
Renate Rivedal tek oss med inn i kunsten og verda til juletradisjonane. I dette foredraget viser ho korleis jula, med sine forteljingar, symbol og ritual, har prega kunsten gjennom hundreåra, frå religiøse motiv til folkelege og moderne uttrykk. Eit stemningsfullt foredrag som gir nye perspektiv på jula slik ho kjem til uttrykk i kunsten, og på korleis tradisjonar og tru har inspirert kunstnarar gjennom generasjonar.

Dette føredraget blir vist i opptak. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.

Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg! SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne.

Her er oversikt over programmet for SeniorUni her på Eid Frivilligsentral/Stad Bibliotek hausten 2026

Program for SeniorUni haust 2026 

Du kan lese meir om SeniorUni her

2026 © Eid frivilligsentral