Mandag 23 November
Kl. 11:00 - 12:30, Aktivitetsrom - Sophus Lie vegen 3
SeniorUni - Storbritannia på 45 minutt med lektor Øivind Bratberg (PhD)
Frå Churchill til Beatles og dronninga sjølv. Korleis vart ein liten øynasjon ei verdsmakt på så mange område samstundes? Lektor Øivind Bratberg tek oss med på ei medrivande og underhaldande reise gjennom britisk politikk, kultur og historie, og viser korleis Storbritannia sette sitt preg på verda langt utover grensene til imperiet. Eit foredrag med fart, humor og nokre av dei mest kjende skikkelsane i historia.

Dette føredraget blir strøyma direkte. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.

Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg! SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne.

Her er oversikt over programmet for SeniorUni her på Eid Frivilligsentral/Stad Bibliotek hausten 2026

Program for SeniorUni haust 2026 

Du kan lese meir om SeniorUni her

2026 © Eid frivilligsentral