Mandag 16 November
Kl. 11:00 - 12:30, Aktivitetsrom - Sophus Lie vegen 3
SeniorUni - «Svalbard i skuggen av stormaktene» med Birger Amundsen
Eit tankevekkjande foredrag om Svalbard si strategiske rolle under den kalde krigen. Birger Amundsen tek oss med inn i eit Arktis prega av stormaktsspel, overvaking, gruvedrift og militær spenning mellom aust og vest. Med utgangspunkt i eigne reiser, historiske kjelder og sterke forteljingar viser han korleis Svalbard vart eit geopolitisk brennpunkt, midt mellom NATO og Sovjetunionen. Birger Amundsen er journalist, forfattar og ein av Noregs fremste formidlarar av polarhistorie. Han har tilbrakt store delar av livet i nordområda og har skrive fleire bøker og reportasjar om Svalbard og Arktis. Amundsen er kjend for sitt skarpe blikk på naturen, politikken og menneska i nord.

Dette føredraget blir vist i opptak. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.

Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg! SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne.

Her er oversikt over programmet for SeniorUni her på Eid Frivilligsentral/Stad Bibliotek hausten 2026

Program for SeniorUni haust 2026 

Du kan lese meir om SeniorUni her

2026 © Eid frivilligsentral