Mandag 9 November
Kl. 11:00 - 12:30, Aktivitetsrom - Sophus Lie vegen 3
SeniorUni - Den langsame tryggleiken - Forfattarsamtale med Ina Libak og Sigbjørn Johnsen
Kva skal til for å byggje tillit, til andre, til samfunnet og til seg sjølv? I denne samtalen møtest Ina Libak og Sigbjørn Johnsen til ei ærleg utveksling om tillit, samfunnsutvikling og den langsame, personlege modninga som ofte skjer i det stille. Eit foredrag for deg som er oppteken av kva som eigentleg bind oss saman.

Dette føredraget blir strøyma direkte. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.

Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg! SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne.

Her er oversikt over programmet for SeniorUni her på Eid Frivilligsentral/Stad Bibliotek hausten 2026

Program for SeniorUni haust 2026 

Du kan lese meir om SeniorUni her

2026 © Eid frivilligsentral