Mandag 12 Oktober
Kl. 11:00 - 12:30, Aktivitetsrom - Sophus Lie vegen 3
SeniorUni - KI, demokrati og sosiale medium med professor Petter Bae Brandtzæg
Korleis påverkar kunstig intelligens og sosiale medium meiningane våre, vala våre og sjølve demokratiet? Professor Petter Bae Brandtzæg, ein av Noregs fremste ekspertar på kunstig intelligens og digital samhandling, gir eit innblikk i teknologien som endrar måten vi får informasjon på, dannar oss meiningar på og deltek i samfunnet på. Eit aktuelt og tankevekkjande foredrag for alle som vil forstå kreftene bak skjermen.

Dette føredraget blir streama direkte. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.

Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg! SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne.

Her er oversikt over programmet for SeniorUni her på Eid Frivilligsentral/Stad Bibliotek hausten 2026

Program for SeniorUni haust 2026 

Du kan lese meir om SeniorUni her

2026 © Eid frivilligsentral