Mandag 5 Oktober
Kl. 11:00 - 12:30, Aktivitetsrom - Sophus Lie vegen 3
SeniorUni - «Nikolai Astrup, den store vestlandsmålaren» med Renate Rivedal
Renate Rivedal tek oss med gjennom livet og kunsten til Nikolai Astrup, og gir levande innblikk i bileta hans, motiva, stemningane og dei kunstnarlege særdraga som har gjort han til ein av Noregs mest folkekjære målarar. Renate Rivedal er kunstformidlar og føredragshaldar med solid bakgrunn i kunsthistorie. Fast kulturjournalist i Bergens Tidende.

Dette føredraget blir vist i opptak. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.

Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg! SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne.

Her er oversikt over programmet for SeniorUni her på Eid Frivilligsentral/Stad Bibliotek hausten 2026

Program for SeniorUni haust 2026 

Du kan lese meir om SeniorUni her

2026 © Eid frivilligsentral