Mandag 28 September
Kl. 11:00 - 12:30, Aktivitetsrom - Sophus Lie vegen 3
SeniorUni - Sjakkens historie med Torstein Bae
Eit foredrag for alle som er interesserte i sjakk, også for deg som ikkje kan reglane! Torstein Bae er Noregs ubestridde sjakkrøyst og den fremste formidlaren av spelet her i landet. No rullar han opp det store lerretet, med sjakken si reise gjennom 1500 år som bakteppe. Du får høyre om vikingane sine grufulle spel og kvifor dronninga dominerer brettet, medan kongen gøymer seg i hjørnet. Det blir juksing, geni, katastrofale tabbar og konspirasjonsteoriar. Og sjølvsagt eventyret i dette tusenåret med verdsmeisteren frå Lommedalen. Med sitt sedvanlege gode humør tek Torstein Bae deg med inn i eit univers av merkelege skikkelsar og meisterlege trekk.

Dette føredraget blir streama direkte. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.

Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg! SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne.

Her er oversikt over programmet for SeniorUni her på Eid Frivilligsentral/Stad Bibliotek hausten 2026

Program for SeniorUni haust 2026 

Du kan lese meir om SeniorUni her

2026 © Eid frivilligsentral