Mandag 21 September
Kl. 11:00 - 12:30, Aktivitetsrom - Sophus Lie vegen 3
SeniorUni - “Fremtidsfullmakt, arv og den vanskelige samtalen” med Hedvig Montgomery
Psykolog Hedvig Montgomery om den vanskelige samtalen. Dei fleste av oss veit kva vi burde snakke om, med borna, med partnaren og med oss sjølve. Men vi utset det. Hedvig Montgomery forklarer kvifor desse samtalane kjennest så vanskelege, og gir konkrete råd om korleis du kan kome i gang, anten det handlar om framtidsfullmakt, arv eller det du aldri har fått sagt. Eit nært, klokt og innsiktsfullt foredrag om relasjonar, kommunikasjon og motet til å ta dei viktige samtalane.

Dette føredraget blir vist i opptak. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.

Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg! SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne.

Her er oversikt over programmet for SeniorUni her på Eid Frivilligsentral/Stad Bibliotek hausten 2026

Program for SeniorUni haust 2026 

Du kan lese meir om SeniorUni her

2026 © Eid frivilligsentral