Verdensdagen for psykisk helse - Tema 2022: Vi treng kvarandre. #løftblikket

10. oktober 2022 vert Verdensdagen for psykisk helse markert for 30. gong. I år er markeringane prega av å skape dei gode og meningsfulle møtene mellom ulike menneske. Det er slike møteplassar vi har mange av her på Eid Frivilligsentral.

Bodskapen i år er å løfte blikket og møte andre. Vi treng fleire arenaer og høve til å møtest på tvers av generasjonar, kulturar, personligheiter, meningar og erfaringar. Det er med på å utvide vår forståing for kvarandre, og er et viktig bidrag for å motvirke stigma, einsemd og utanforskap.

Tema i år er utviklet etter innsikt fra de som markerte i fjor og samarbeid med et breitt spekter fagmiljø. Temaet er del av en treårig strategi der fellesskap, inkludering og førebygging av utanforskap vil vere overbyggande tema.

Dette er i tråd med det forskinga viser til som sentrale utfordringar for den psykiske folkehelsa i Noreg.

Sjå denne flotte filmen om årets markering på YouTube

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral