Sommarhjelp - Søknadsfrist 2.juni 2024

Frivilligsentralane og Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og Bufdir tilbyr 2 vekers sommarjobb for ungdommar i Stad kommune. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her:

Ungdom i alder 14 - 20 år som har folkeregistrert bustadadresse i Stad kommune kan søkje.
Arbeidsperioden varer i 2 veker.
Arbeidsstad Selje eller Nordfjordeid.

Det er to ulike jobbar ein kan søkje på:

•    Sommarhjelp ungdomsaktivitet: 
Skape sommarmøteplassar/-aktivitet for barn/ungdom og drifte BUA.

•    Sommarhjelp omsorg: 
Skape aktivitet for eldre som bur på institusjon.


!Om ein som ungdom/søkjar kanskje treng ei ekstra tilpassing av ein eller anna grunn so vil vi leggje tilrette for dette. Det kan vere språk, bevegelse eller andre barrierar/utfordringa.
Pass då på å få med dine behov for tilrettelegging i søknaden. 

Litt meir om jobbane som Sommarhjelp: 

Sommarhjelp omsorg: 
Dei som er sommarhjelp på institusjon vil få god opplæring og bli godt følgt opp av dei tilsette som jobbar der.  Ein vil få oppgåver som å hjelpe til med mat og måltid, prate, lese, synge om ein vil,  vere sosiale, gå turar og finne på andre aktivitetar ilag med bebuarane og dei andre tilsette.

Sommarhjelp ungdomsaktivitet:
Dei som skal jobbe med aktivitet, BUA og møteplassar for born/ungdom, vil få god opplæring og blir følgt opp av ein arbeidsleiar.  
Hovudoppgåver til Sommarhjelpene:
 - Drifte BUA.
lære seg BUA systemet, utlån, halde ordne på lokale og aktivitetsutstyret.
-Lage til aktivitetar og møteplassar for ungdom.
Nokon av aktivitetane i samarbeid med lokale lag og organisasjonar.

Alle som søkjer Sommarhjelp må legge ved ein CV i søknadsskjema.
Sjølv med liten eller ingen arbeidserfaring kan, og bør ein lage ein CV.
Klikk på lenkene/ blå knappane for gode tips:

Korleis skrive ein god CV        Døme på CV/ CV mal  

SØK på Sommarhjelp jobb her:    SØKNADSSKJEMA  

!Når ein søkjer skal ein krysse av for kva veker ein kan jobbe.
Pass på å planlegg godt for vi kan ikkje justere etter kvar enkelt i ettertid.
Altså om ein får tilbod om jobb og det viser seg at ein for eksempel kun kan jobbe ei av vekene pga andre planar, so må ein takke nei og jobben går til neste på lista. )
Dei som ikkje har jobba som sommarhjelp før og/eller ikkje har andre jobbar i sommar,  vil bli prioritert. 

*Er du over 20 og vil søkje på jobben som arbeidsleiar?
Les og søk på jobben  HER

*Vil ditt lag/org lage, ein aktivitet for born og unge  i sommarferien?
Ein kan då ved å fylle ut ein enkel søknad få tilskot på kr 2000,-
Les og sjå skjema HER

Ta kontakt med dagleg leiar i Selje Frivilligsentral tlf. 95869223 eller Eid frivilligsentral tlf. 41460042 om ein har spørsmål.

 

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral