SLUTTSPURT - Klarer vi å få inn over 200 svar på kartlegginga av frivilligheita i Stad!

Dei siste tre vekene har Frivillighet Norge sendt ut epost til denne adressa med ei kartlegging av frivilligheita i Stad. I skrivande stund har vi fått inn 163 svar. 21 organisasjonar har starta å fylle ut. Men framleis er det heile 180 organisasjonar som kan svare. Det hadde vore så utrulig kjekt om vi klarte å få inn over 200 svar.

Er du kontaktperson for ein eller fleire frivillige organisajonar og ikkje har sett eposten frå  Frivillighet Norge er det kan hende fordi den kan ha lagt seg i mappa for søppelepost. Mange har funne den der. Fleire har også fått fleire kartleggingar fordi dei er kontaktperson for fleire organisasjonar.  Vi håpar du kan sjå gjennom epostane dine, sjå om du finn kartlegginga og fyller den ut. Er du kontaktperson for fleire organisasjonar må du fylle ut ei kartlegging for kvar organisasjon.

Din organisasjon sine innspel betyr mykje for framtidig samskaping og tilrettelegging for frivilligheita i Stad kommune.

Eposten ser slik ut:
 
 

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral