-
Bli med på klebytedag!
Galyna Gokdere og Naturvernforbundet i Eid dreg igang klebytedag på Møteplassen her i Eidsgata 9 frå kl. 10.00 - 16.00 i morgon laurdag 27. april. Lever inn klede du ikkje lenger brukar og få deg noko fint nytt! Slik fungerer det:
Frigjeringsdagen, Veterandagen og den internasjonal Røde Kors dagen - 8. mai 2021
I år var det Stad, Stryn og Gloppen kommune som saman med Eid Røde Kors inviterte til felles markering. I mange år har Eid Frivilligsentral vore koordinator for markeringa av denne spesielle dagen her på Nordfjordeid. Ekstra kjekt er det å få gjere dette saman med fleire medarbeidarar i den flotte kulturavdelinga i Stad kommune. I tillegg er frivillige organisasjonar som Eid Røde Kors, NROF, Eid Musikklag, Eid Ungdomskor og Plassens Venner viktige medspelarar. Det er også veteranane i Nordfjord og HV11. Også i år måtte vi avgrense arrangementet grunna Convid 19 pandemien. Og for å få alle med så vart arrangementet strøyma direkte på Facebook. Det vart ei flott sending Frequency fekk laga for oss.Det er utrulig kjekt å sjå kor mange som heiser flagg og som tilsaman deltek på arrangementet både på Plassen og ved å sjå markeringa på nett. Alle er med på å halde tradisjonen vedlike.
Her finn du sendinga dersom du ønskjer å sjå den i opptak: https://www.facebook.com/stadkommune/videos/243067974258841
Vi har også samla lenker til diverse omtale i media:
Fjordenes Tidende (abo): Det var mange som møtte opp da veteranane frå Forsvaret blei hylla
Fjordabladet (abo):Tale for dagen av Alfred Bjørlo
Fjordabladet (abo) : Frode Fagerli: ─ Fred og fridom kjem ikkje av seg sjølv
Fjordabladet (abo): Sveinung Mæland Pile: -Aldri meir 9. april
Fjordabladet (abo): Dag Magne Sætren, leiar i Eid Røde Kors: ─ Vi treng fleire frivillige i vårt arbeid
No gledar vi oss til 2022. Då håpar vi at vi kan få markert dagen med eit større arrangement på Eksersisplassen.
Del på:
-
Nyhendebrev 1/2024 - Nytt og nyttig for frivillige i Stad
Her kan du lese nyhendebrevet "Nytt og nyttig for frivillige i Stad". Dette er første utgåva i 2024. Det kjem mellom 4 og 6 slike nyhendebrev i løpet av 2024. I nr. 1 les du om Frivilligkvelden på Bryggja, kartlegging av Frivilligheita i Stad, Kurs i bruk av Stad Foreningsportal, Tilskuddsportalen, og Tilskuddsportalen sin opplæringsvideoar i å skrive søknader.
-
SeniorQuiz på Kringla - Eid Frivilligsentral
Ny kjekk aktivitet på Kringla-Eid Frivilligsentral frå januar 2024. Kvar fredag skipar engasjerte eldsjeler til SeniorQuiz på Eid Frivilligsentral. Det startar presis kl. 12.00. Alle som kjem vert plasserte på eit lag. Ingen Quiz-ar åleine. Det vert servert kaffi og snacks. Dette er blitt ein superkjekk helgestart, og her er plass til mange fleire. Bli med du også. Arrangementet er gratis! Kom og bli med du også!
-
Vi mimrar litt tilbake til rett før jul
Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.
-
Frivillighetens dag 5. desember
I dag er det Frivilligdagen 5. desember. Dette er dagen for å takke alle frivillige for den innsatsen dei legg ned kvar einaste dag. TUSEN TUSEN TAKK!!! Ekstra kjekt for oss her i Stad er at flotte representantar frå frivilligheita i kommunen vår pryder gratulasjonsbannera som Norges Frivilligsentraler har laga til. Dette er bilete frå Klenkarberget sommarcamp og frå Frivilligfestivalen på Nordfjordeid i 2022.