FredagsForfattar 16.10.2020 - Mai Elise Hammer kl. 13.00

Fredag 16. oktober kl. 13.00 er det klart for ny FredagsForfattar her på Eid Frivilligsentral. Mai Elise Hammer er opprinnelig frå Berlevåg, men no busett på Haugen her i Stad kommune. Ho er ein av initiativtakarane bak møteplassen "poetry-night" og ofte å finne bak skranken på Stad bibliotek - hovudbiblioteket på Nordfjordeid. Mai Elise har akkurat no gitt ut ei perle av ei diktsamling kalla "Et kjent punkt i mørket". Denne diktsamlinga får vi presentert på fredag. Vi gler oss!

Det vert som vanleg sal av kaffi/te og kake. Vel møtt til trivelig helgestart på Kringla - Eid Frivilligsentral.

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral