-
Bli med på klebytedag!
Galyna Gokdere og Naturvernforbundet i Eid dreg igang klebytedag på Møteplassen her i Eidsgata 9 frå kl. 10.00 - 16.00 i morgon laurdag 27. april. Lever inn klede du ikkje lenger brukar og få deg noko fint nytt! Slik fungerer det:
EID FRIVILLIGSENTRAL ER STENGT FOR Å AVGRENSE SMITTEFAREN AV COVID-19/Coronaviruset
Vi deltek i stordugnaden. Frå og med 12.03. er alle sosiale møteplassar som vert arrangert på Kringla Eid Frivilligsentral eller i regi av Eid Frivillgsentral stengt inn til vidare. Lista over dei aktivitetar det gjeld finn de nedanfor. Eid Frivilligsentral vil halde fram med middagskøyring i regi av frivillige. Eid Frivilligsentral er stengt for publikumsmottak, men er tilgjengeleg på telefon og epost i ordinær opningstid måndag til fredag kl. 09.30 - 15.00. Ta gjerne kontakt på tlf. 41460042 eller på epost: post@eid.frivilligsentral.no. Berre ta kontakt 😃!Her er lista over aktivitetar som er innstilt inn til vidare:
- Tysdagskafèen til Eid Pensjonistlag
- Medlemsmøta til Nordfjordeid Rotaryklubb
- Onsdagskafèen på Elvebøen
- Strikkegruppa
- Arabiskkurs
- Seniornett Eid - surfekafè og årsmøtet 18.03.
- Internasjonal kafè
- Sittedansen på Hogatunet
- FredagsForfattar 27.03
- Laurdagskafèen til Eid Røde Kors Omsorg
Vi gledar oss vilt til vi kan starte opp att, men akkurat no og ei tid framover må vi gjere dette for å avgrense smitten av Coronaviruset.
Del på:
-
Nyhendebrev 1/2024 - Nytt og nyttig for frivillige i Stad
Her kan du lese nyhendebrevet "Nytt og nyttig for frivillige i Stad". Dette er første utgåva i 2024. Det kjem mellom 4 og 6 slike nyhendebrev i løpet av 2024. I nr. 1 les du om Frivilligkvelden på Bryggja, kartlegging av Frivilligheita i Stad, Kurs i bruk av Stad Foreningsportal, Tilskuddsportalen, og Tilskuddsportalen sin opplæringsvideoar i å skrive søknader.
-
SeniorQuiz på Kringla - Eid Frivilligsentral
Ny kjekk aktivitet på Kringla-Eid Frivilligsentral frå januar 2024. Kvar fredag skipar engasjerte eldsjeler til SeniorQuiz på Eid Frivilligsentral. Det startar presis kl. 12.00. Alle som kjem vert plasserte på eit lag. Ingen Quiz-ar åleine. Det vert servert kaffi og snacks. Dette er blitt ein superkjekk helgestart, og her er plass til mange fleire. Bli med du også. Arrangementet er gratis! Kom og bli med du også!
-
Vi mimrar litt tilbake til rett før jul
Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.
-
Frivillighetens dag 5. desember
I dag er det Frivilligdagen 5. desember. Dette er dagen for å takke alle frivillige for den innsatsen dei legg ned kvar einaste dag. TUSEN TUSEN TAKK!!! Ekstra kjekt for oss her i Stad er at flotte representantar frå frivilligheita i kommunen vår pryder gratulasjonsbannera som Norges Frivilligsentraler har laga til. Dette er bilete frå Klenkarberget sommarcamp og frå Frivilligfestivalen på Nordfjordeid i 2022.