Lær å spele sjakk/ sjakkdag

Vi arrangerer sjakkdag med Nordfjord Sjakklubb. Torsdag 19. februar kl. 13.00 - 15.30. Spel så mykje sjakk du vil. Lær å spele sjakk eller lær nye ting om sjakk. Dersom mange nok blir med, kan det bli sjakkturnering på tid. Arrangementet er gratis og ope for alle. Eit arr. i samband med Vinterferie i Operahuset Nordfjord
Flere nyheter

Her kan du melde deg på orientering for frivillige, aktivitetsleiarar og møteplassarrangørar

I veke 8 og 9 vil vi arrangere 1 times orienteringsøkter til alle som arrangerer møteplassar, og alle som er frivillige/tilsette på møteplassane i nye Eid Frivilligsentral/Stad bibliotek. Vi ber om at alle som arrangerer noko her om å få meldt på sine frivillige kafèvertar, kaffiansvarlege og aktivitetsansvarlege på ei av øktene. På den måten vil vi legge eit godt grunnlag for ein god sameksistens og gode rutiner i dei nye lokala våre. Dette er viktig for vi er mange som skal bruke dette saman!

2026 © Eid frivilligsentral