Kvar måndag samlast mellom 10 og 20 norske og framandspråklege kvinner frå 3-4 ulike verdsdelar til sosialt samvær.
Målet er å skape eit trygt sosialt forum for framandspråklege og norske kvinner der dei:
- lærer å snakke norsk-byggjer sosialt nettverk og opplever tilhøyring i eit dynamisk fellesskap-kan dele kvardagslege opplevingar og drøfte aktuelle saker i nærmiljøet.
Dette er eit fint "springbrett" til å delta i andre liknande aktivitetar som t.d. Språkvenn arrangert av Nordfjordeid Sanitetsforeing, Språkkafè arrangert av Eid Bibliotek og Internasjonal kafè arrangert av Eid Røde Kors omsorg.
Det er også ein kjekk plass der vi oppdaterer kvarandre om ting som skjer og aktivitetar vi kan bli med på i nærmiljøet.