Lørdag 25 Mars 2023
Kl. 18:00 - 20:20, Operahuset Nordfjord
Skulemusikalen USAGT
70 elevar står på scena i Eid ungdomsskule sin musikal USAGT

www.operahuset.no 

Eid ungdomsskule set kvart tredje år opp ein musikal. Musikalen vår Skjult i 2020 blei avlyst på grunn av pandemien. Vi gler oss difor ekstra til å setje opp musikalen Usagt dette skuleåret.

Vi er veldig glade for å ha med oss Aleksander Raftevold med band, som står bak musikken. 

70 elevar er med på scena, og alle elevane har også andre oppgåver, som marknadsføring, kostyme, kulisse, sminke, kiosk og mykje meir.

Denne musikalen handlar om at det kan vere utfordrande å vere ungdom i dag, men at ein må velje å leve.

2024 © Eid frivilligsentral