Torsdag 2 Juni 2022
Kl. 19:00 - 21:00, Operahuset Nordfjord
Ope folkemøte om kulturplan - Operahuset Nordfjord
Velkomen til ope folkemøte om Stad kommune sin fyrste kulturplan!

Korleis skal kulturlivet i Stad sjå ut i framtida? Kva er viktig for deg eller for ditt lag at planen handlar om? Vi vil ha dine tankar og innspel. Ver med å bestemme retninga for kulturlivet i Stad!

Møt oss og kom med dine innspel på det opne folkemøtet på Operahuset Nordfjord torsdag 2. juni 19:00!

Høver ikkje dette for deg, kan du også delta på møtet i Bryggja grendahus onsdag 1. juni 19:00 eller på Stadlandet grendahus måndag 13. juni 19:00. 

Du kan også sende oss dine innspel på e- post til post@stad.kommune.no eller svare på spørjeundersøkinga som du finn her: https://stad.kommune.no/sd/skjema/STAD154/Svar_p_sprjeundersking__Temaplan_for_kultur

2024 © Eid frivilligsentral