Onsdag 1 Juni 2022
Kl. 19:00 - 21:00, Bryggja grendahus
Ope folkemøte om kulturplan - Bryggja grendahus
Velkomen til ope folkemøte om Stad kommune sin fyrste kulturplan!

Korleis skal kulturlivet i Stad sjå ut i framtida? Kva er viktig for deg eller for ditt lag at planen handlar om? Vi vil ha dine tankar og innspel, anten på vegne av deg sjølv, ditt lag eller din organisasjon! 

Det blir ope folkemøte på Bryggja grendahus onsdag 1. juni 19:00. 

Dersom denne datoen ikkje høver for deg, kan du også delta på møta på Operahuset Nordfjord torsdag 2. juni 19:00 eller på Stadlandet grendahus måndag 13. juni 19:00.

Du kan også sende oss dine innspel på e- post til post@stad.kommune.no eller svare på spørjeundersøkinga som du finn her: https://stad.kommune.no/sd/skjema/STAD154/Svar_p_sprjeundersking__Temaplan_for_kultur


2024 © Eid frivilligsentral