Fredag 26 November 2021
Kl. 13:00 - 15:30, Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9
Nils Ola Strand er FredagsForfattar 26. november
Hurra!! Endelig kan Eid Folkeakademi og Eid Frivilligsentral ønskje velkomne til FredagForfattar på Eid Frivilligsentral etter pause i eit år. Fredag 26. november kl. 13.00 presenterer Nils Ola Strand si 2. bok Ulset – Hjørungavåg.

Boka kom ut på seinhausten i 2020. Forfattaren seier dette om boka: «Barndomen i Lier var over. Mor tok med oss tre gutane og starta på nytt hos slekta i Hjørungavåg. Detter er historiene om gardsliv på Vestlandet, om slekt, vener og uendeleg omsut. Om ungdomstida med jenter, kompisar og fisketurar. Og musikken då. Radio Luxemburg og platespelaren min som opna opp ei ny verd for meg.»

Arrangørane Eid Folkeakademi og Eid Frivilligsentral gler seg til nye kjekke helgestartstunder med FredagsForfattar. Dei lovar at det blir mange av desse på nyåret.

Det vert enkel servering. Alle er hjarteleg velkomne!

2024 © Eid frivilligsentral