Fredag 3 Desember 2021
Kl. 20:45 - 23:59, Oppmøte på Eid Frivilligsentral Eidsgata 9
Nattevandring i Nordfjordeid sentrum
Vaktlag på 2 - 4 stk går saman i Nordfjordeid sentrum

Skulle det kome noko i vegen og du ikkje kan ta vakta du har valt, så klikkar du på dei 3 prikkane på vakta og vel: "Angre påmelding". Påminning og meir informasjon vert sendt ut til dei påmelde nokre få dagar før vakta! (NB! Vaktene forsvinn frå planen etterkvart som dei vert fylte opp, og dukkar opp att dersom nokon må melde avbod!) 

Om Nattevandringa: 
Nattevandrarane er eit Stopp Volden-prosjekt i Eid, med aktivitet gjennom heile skuleåret. Edru vaksne i alle aldrar bruker 3 timar ein kveld eller fleire for å vere tilgjengeleg for ungdom som held seg i sentrum og omegn på kvelden/natta.

Informasjon til dei som skal vere nattevandrer hausten/våren 2021/2022:

Det er ikkje lenger særskilde reglar for nattevandringa knytt til Convid 19 pandemien. Generelt gjeld dette:

- Er du sjuk må du melde deg av vakta eller finne ein annan som går i din stad (send i så fall sms til 41460042 om det)!
- God handhygiene og hostehygiene er viktig også når de er ute på nattevandring!
- Alle nattevandrarar må bruke eigne telefonar.


Møt opp ved inngangen til Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 kl. 20.45 /evt. 19.45. Dette er 15 minutt før vakta startar.

Inne på Frivilligsentralen finn de vaktvestar og utstyr. De har alle på førehand fått ein SMS om kvar nøkkelen er.
De finn også rapportskjema og liste over kven som skal gå vakt denne kvelden med telefonnr.
 
Dersom de er 3- 4 på vakta, så går de samla. Er de 6 - 8 stk. Så deler de gruppa i 2 og går i kvar si retning. Då er det lurt å møtest på Frivilligsentralen etter halvgått vakt og byte rute.
Prioriter først Sjøgata/Sagaparken/Skuleområdet - Spesielt EUS og Nordfjordeid skule og Malakoff/Eksersisplassen/Sørøyrane. Grunnregelen er - ver der ungdomen er!

Her finn du retningslinene for nattevandrarane: RETNINGSLINER FOR Nattevandrer
Les retningslinene før du skal gå vakta di.

Lykke til!
Kontakt Eid Frivilligsentral på telefon 41460042 om noko er uklart.

Saman med Stad kommune, FAU ved Eid Ungdomsskule, Politiet, Nattkafeen på kyrkjetunet og Eid Røde Kors omsorg, organiserer Eid Frivilligsentral Nattevandring i Nordfjordeid sentrum. Stopp Volden er eit landsdekkande program i stadig endring og utvikling. Eigar av konseptet er Norges Røde Kors.

 

2024 © Eid frivilligsentral