Saman med Stad kommune, FAU ved Eid Ungdomssklue, Politiet, Nattkafeen på kyrkjetunet og Eid Røde Kors omsorg, organiserer Eid Frivilligsentral Nattevandring i Nordfjordeid sentrum. Stopp Volden er eit landsdekkande program i stadig endring og utvikling. Eigar av konseptet er Norges Røde Kors.
Nattevandrarane er eit Stopp Volden-prosjekt i Eid, med aktivitet frå våren til hausten. Edru vaksne i alle aldrar bruker 3 timar ein kveld eller fleire for å vere tilgjengeleg for ungdom som held seg i sentrum og omegn på kvelden/natta.
Bli nattevandrar du og, ein unik moglegheit til å sjå kva ungdom opplever på kveld-/nattestid.