Fredag 30 April 2021
Kl. 21:00 - 23:59, Oppmøte Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9
Nattevandring i Nordfjordeid sentrum
127 foreldre frå Eid Ungdomsskule har meldt seg som nattevandrarar dette skuleåret. Desse er frivillige fram til haustferien 2021. Nytt frå 2021: DU KAN VELJE KVA VAKT DU VIL HA! I staden for å bli oppsett på liste, kand du no velje den datoen du vil ha vakt. Klikk på "Bli med" på den datoen du ønskjer å gå. Skulle det kome noko i vegen så klikkar du på dei 3 prikkane på vakta og vel: "Angre påmelding". Vi oppmodar deg om å velje 1-2 vakter i perioden (men du kan sjølvsagt velje så mange du vil :-) ! Påminning og meir informasjon vert sendt ut til dei påmelde nokre få dagar før vakta! (NB! Vaktene forsvinn frå planen etterkvart som dei vert fylte opp, og dukkar opp att dersom nokon må melde avbod!) Vi har sett opp vakter fredag og laurdag ut skuleåret og kvar fredag i sommar + 16. mai. No har vi også lagt ut alle vakter mellom skulestart i august 2021 fram til haustferien i veke 41. Det er første gong Eid Frivilligsentral brukar dette systemet, men vi trur det skal bli veldig bra og mykje enklare! Klikk bli med på 1-2 vakter så er du med på å skape eit trygt ungdomsmiljø på Nordfjordeid!

Saman med Stad kommune, FAU ved Eid Ungdomssklue, Politiet, Nattkafeen på kyrkjetunet og Eid Røde Kors omsorg, organiserer Eid Frivilligsentral Nattevandring i Nordfjordeid sentrum. Stopp Volden er eit landsdekkande program i stadig endring og utvikling. Eigar av konseptet er Norges Røde Kors.
Nattevandrarane er eit Stopp Volden-prosjekt i Eid, med aktivitet frå våren til hausten. Edru vaksne i alle aldrar bruker 3 timar ein kveld eller fleire for å vere tilgjengeleg for ungdom som held seg i sentrum og omegn på kvelden/natta.

Bli nattevandrar du og, ein unik moglegheit til å sjå kva ungdom opplever på kveld-/nattestid.

 

2024 © Eid frivilligsentral