Mandag 30 Mai 2022
Kl. 17:00 - 18:00, Teams
CV-kurs på Teams: Lær å skrive ein god søknad
Alle som vil søkje på sommarjobbprosjektet til Eid og Selje Frivilligsentralar/ Gjensidigestiftelsen/ Stad kommune må lage ein CV for å kunne søkje jobb. Dersom du ikkje veit kva ein CV er eller korleis du skriv ein CV, så arrangerer vi 2 CV-skrive kurs på Teams. Målgruppe er Ungdom i Stad kommune mellom 14 og 20 år.

Vi tilbyr to gratis digitale kurs i å skrive ein god CV.

Tidspunkt for kursa er:
Måndag 30/5 kl. 17.00 - 18.00 Klikk her for å delta

Tysdag 7/6 kl. 17.00 – 18.00 Klikk her for å delta

Tema vi er innom:
- Kva er ein CV?
- Kva er forskjellen mellom ein jobbsøknad og ein CV?
- Korleis skriv du ein god CV?
- Kva er og gjer ein referanse?

Kurshaldar: Berte Eidsvåg Eldevik, jobbspesialist i NAV Stad

Dette er ein time der du kan lære mykje som du garantert får bruk for!

Ønskjer du å søkje på Sommarhjelpjobb i Stad kommune:
Digitalt søknadsskjema - Sommarhjelp 2022

Les meir om Sommarhjelpjobbane 

2024 © Eid frivilligsentral