Tirsdag 3 November
Kl. 20:00 - 21:00, Aktivitetsrom - Sophus Lie vegen 3
Vil du vere frivillig på Opa julefeiring for alle 24.12.26 - informasjonsmøte 3/11 kl. 20.00
Har du tid til overs på sjølvaste julafta? Kunne du tenkje deg å hjelpe til på arrangementet "Opa julefeiring for alle" i Operahuset Nordfjord 24/12 mellom kl 14.00 og ca. 18.30? Ta kontakt med oss på tlf. 41460042, eller meld deg som frivillig i skjema under. Tysdag 3. november kl. 20.00 - 21.00 ararngerer vi informasjonsmøte for alle som kunne tenkje seg å bidra.

Vi treng hjelp til pynting, rydding, personar som kan vere vertskap for gjestane, nokon som kan underhalde. Kanskje du kan bake småkaker til arrangementet? Alt er ei hjelp.

Dette er noko Eid Frivilligsentral har drøymt om å få til lenge. No ser vi at vi kan få det til, men manglar nokre få frivillige for å vere heilt sikker på at vi torer å arrangere.

Meld deg som frivillig til å arrangere Opa julefeiring for alle her:

Påmelding

Send
2026 © Eid frivilligsentral