Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe

Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe er eit lavterskeltilbod for framandspråklege kvinner, kor vi møtest, snakkar norsk, lærer handarbeid og byggjer eit sosialt nettverk. Kvar måndag på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 kl. 13.45 - 15.15. Bli med du også!

Kvar måndag samlast mellom 10 og 20 norske og framandspråklege kvinner frå 3-4 ulike verdsdelar til sosialt samvær.

 Målet er å skape eit trygt sosialt forum for framandspråklege og norske kvinner der dei:
- lærer å snakke norsk-byggjer sosialt nettverk og opplever tilhøyring i eit dynamisk fellesskap-kan dele kvardagslege opplevingar og drøfte aktuelle saker i nærmiljøet.

Dette er eit fint "springbrett" til å delta i andre liknande aktivitetar som t.d. Språkvenn arrangert av Nordfjordeid Sanitetsforeing, Språkkafè arrangert av Eid Bibliotek og Internasjonal kafè arrangert av Eid Røde Kors omsorg.

Det er også ein kjekk plass der vi oppdaterer kvarandre om ting som skjer og aktivitetar vi kan bli med på i nærmiljøet.

Neste Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe

Dato Kl. Tittel Sted
Man 08.04 13:45 Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe Kringla - Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9
Man 15.04 13:45 Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe Kringla - Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9
Man 22.04 13:45 Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe Kringla - Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9
Man 29.04 13:45 Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe Kringla - Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9
Man 06.05 13:45 Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe Kringla - Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9
Flere aktiviteter

GRATIS YOGA FOR 50 +

Frå veke 38 – 50 tilbyr frivilligsentralane gratis yoga for Godt vaksne. Instruktør er Gry Hansen v/ Bygda Yogaskule via whereby. To gangar i veka kan ein logge seg på og vere med frå kor som helst. Måndagar kl. 12.00 og torsdagar kl.: 16.30. Ein treng berre ein pc, nettbrett eller ein mobil. Måndagane kan ein komme på frivilligsentralane å gjere yoga saman med andre. Vi loggar på stormskjerm :) Vi har valgt å kalle målgruppa for godt vaksne for å ha ei litt rund «aldersgrense» Med godt vaksne tenkjer vi 50 +, men det er ingen som vil be om legitimasjon og sjekke alder. 😊 Og ein vil oppfordre yngre om å gjere yoga saman med besteforeldre eller andre. Les meir om tilbodet og få link til yogatimane og bruksanvsining til whereby. :

2024 © Eid frivilligsentral