Skyss sin Serviceskyss i Stad kommune

Serviceskyssen er eit dør- til- dør transporttilbod som kan nyttast av ALLE. Serviceskyssen kostar 30 kr kvar veg. Alle som reiser med serviceskyssen må tinge plass kvelden før. Rutenene startar ca. kl 10.00 med retur kl 13.00. Ruter kvar tysdag og laurdag. Tinging av skyss og ruteinformasjon : EID TAXISENTRAL tlf 57860809. Serviceskyssen er eit samarbeid mellom Vestland Fylkeskommune, Skyss, Stad kommune og Eid Taxisentral.

Aldersgruppe: For alle

Serviceskyss er eit transporttilbod i Sogn og Fjordane som er ope for alle, og skal vere tilrettelagd for alle.

Skyssen er organisert i faste ruter, ofte inn til kommunesenteret eller andre mindre sentrum.

Dei som vil reise med serviceskyssen, bestiller skyss seinast dagen før, innan eit fastsett tidspunkt. Ein blir henta heime og får skyss frå dør til dør. Køyretøya som vert nytta er universelt utforma.

Ruter i EidDag ruta gårTil sentrumFrå sentrum
Lefdal - Kjølsdalen - Stårheim - Remmedalen - Hjelmelandsdalen - Haugen - sentrumTysdag i partalsveker11.0013.00
Navelsaker/Heggjebygda - Leivdalen - sentrumTysdag i partalveker11.0013.00
Torheim - Hunvink - sentrumTysdag i partalsveker11.0013.00
Lefdal - Kjølsdalen - Stårheim - Remmedalen - Hjelmelandsdalen - Haugen - sentrumTysdag i oddetalsveker11.0013.00
Holmøyane - Nord - Bjørlo/Roti - sentrumTysdag i oddetalsveker11.0013.00
Hennebygda - Lote - sentrumTysdag i oddetalsveker11.0013.00
Ytre Skårhaug - Prestemarka - Myklebuståsen - Langeland - Skipenes bru - Os - sentrum Laurdag11.0013.00


Alle som skal vere med serviceskyssruta må tinge på førehand.
Tinging skjer på telefon 57 86 08 09 seinast kvelden før.

Eigenandel
Eigenandel for passasjerar er kr 30,- pr tur.



Flere aktiviteter

GRATIS YOGA FOR 50 +

Frå veke 38 – 50 tilbyr frivilligsentralane gratis yoga for Godt vaksne. Instruktør er Gry Hansen v/ Bygda Yogaskule via whereby. To gangar i veka kan ein logge seg på og vere med frå kor som helst. Måndagar kl. 12.00 og torsdagar kl.: 16.30. Ein treng berre ein pc, nettbrett eller ein mobil. Måndagane kan ein komme på frivilligsentralane å gjere yoga saman med andre. Vi loggar på stormskjerm :) Vi har valgt å kalle målgruppa for godt vaksne for å ha ei litt rund «aldersgrense» Med godt vaksne tenkjer vi 50 +, men det er ingen som vil be om legitimasjon og sjekke alder. 😊 Og ein vil oppfordre yngre om å gjere yoga saman med besteforeldre eller andre. Les meir om tilbodet og få link til yogatimane og bruksanvsining til whereby. :

2024 © Eid frivilligsentral