Nattevandrer 2021/2022

Saman med Stad kommune, FAU ved Eid Ungdomssklue, Politiet, Nattkafeen på kyrkjetunet og Eid Røde Kors omsorg, organiserer Eid Frivilligsentral Nattevandring i Nordfjordeid sentrum. Stopp Volden er eit landsdekkande program i stadig endring og utvikling. Eigar av konseptet er Norges Røde Kors.
Nattevandrarane er eit Stopp Volden-prosjekt i Eid, med aktivitet gjennom heile skuleåret. Edru vaksne i alle aldrar bruker 3 timar ein kveld eller fleire for å vere tilgjengeleg for ungdom som held seg i sentrum og omegn på kvelden/natta.

Informasjon til dei som skal vere nattevandrer hausten/våren 2021/2022:

NB! Særskilde reglar i samband med Convid 19 pandemien!

Er du sjuk eller i isolasjon/karantene/ventekarantene må du melde deg av vakta!
Gå i gruppe men hugs å halde 1 meter avstand når det er ute og går!
God handhygiene og hostehygiene er viktig også når de er ute på nattevandring!
Alle nattevandrarar må bruke eigne telefonar. Politiet vil ha nr. til gruppa som er ute og går.


Møt opp ved inngangen til Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 kl. 20.50.
Inne på Frivilligsentralen finn de vaktvestar og utstyr. De har alle på førehand fått ein SMS om kvar nøkkelen er.
De finn også rapportskjema og liste over kven som skal gå vakt denne kvelden med telefonnr.
 
Dersom de er 3- 4 på vakta, så går de samla. Er de 6 - 8 stk. Så deler de gruppa i 2 og går i kvar si retning. Då er det lurt å møtest på Frivilligsentralen etter halvgått vakt og byte rute.
Prioriter først Sjøgata/Sagaparken/Skuleområdet - Spesielt EUS og Nordfjordeid skule
Deretter legg de turen også innom Malakoff/Eksersisplassen.
Her finn du retningslinene for nattevandrarane: RETNINGSLINER FOR Nattevandrer
Les retningslinene før du skal gå vakta di.

Lykke til!
Kontakt Eid Frivilligsentral på telefon 41460042 om noko er uklart.

 

Flere aktiviteter

BUA Eid

BUA Eid er open nokre dagar kvar veke. Opningstidene vert annonsert kvar veke på BUA Eid sine facebooksider (sjå lenke nedanfor). Pga Koronasituasjonen får ein ikkje komme inn på BUA Eid. Vi ynskjer at du har gjort klar ei liste over kva du ynskjer å låne på førehand, og så hentar vi utstyret for deg. Gå gjerne inn på bua.io og sjå kva utstyr vi har tilgjengelig! 😀

Handlehjelp

Treng du hjelp til handling og levering av matvarer? Sit du i karantene eller er i risikogruppe? Manglar du ein pårørande eller nokon i nærleiken som kan hjelpe deg? Då kan du nytte deg av dette tilbodet. - Merk at nokre butikkar har eigne tenester, medan andre samarbeider med frivilligsentralane i Eid og Selje.

Hjelp ein sambygding/Praktisk hjelp

Sit du i karantene eller er du i risikogruppa. Treng du hjelp til mindre praktiske gjeremål utanfor heimen. Då kan du kontakte Frivilligsentralen på nett eller på tlf. 41460042, så skal vi prøve å hjelpe. Eid Frivilligsentral treng også fleire frivillige til å hjelpe til med slike småoppdrag. Bur du i indre deler av Stad kommune (frå Bryggja og austover) så ta kontakt.

Kringom sin Serviceskyss i Stad kommune

Serviceskyssen er eit dør- til- dør transporttilbod som kan nyttast av ALLE. Serviceskyssen kostar 30 kr kvar veg. Alle som reiser med serviceskyssen må tinge plass kvelden før. Rutenene startar kl 10.00 med retur kl 13.00. Ruter kvar tysdag og laurdag. Tinging av skyss og ruteinformasjon : EID TAXISENTRAL tlf 57860809. Serviceskyssen er eit samarbeid mellom Vestland Fylkeskommune - Kringom, Stad kommune og Eid Taxisentral.

Middagskøyring

9 mil kvar dag 365 dagar i året, bringer denne gjengen varm middag ut til abonnentar.

2021 © Eid frivilligsentral