Merking av turstiar

Eid Frivilligsentral og MNT jobbar med å merke, skilte og få opp informasjonstavler til fleire nærturar og fjellturar i Eid.

Det er allereie merka nærturar i sentrum. Startpunkta for desse turane ligg ved skulane, ved rutebilsentralen, park/friluftsområde og den kommande kaia for cruisebåtane. Dette for at dei skal vere lett tilgjengeleg for mange ved at informasjonstavlene ved startpunkte er synleg der folk er.

Vidare vil merkinga av stiar, knytte nærturane i hop med fjellturane som allereie er merka og ligg på ut.no. Her vil også nærturar i alle delar av Eid kommune bli merka. Vi har mange merka fjellturar i vårt område, og der er mange som brukar desse. Målet med å synleggjere kortare turar i nærmiljøet til folk, er å motivere menneske som er inaktive, og å gjere det enkelt å finne turløyper for folk som gjestar kommunen vår. Samankopling mellom nærtur og fjelltur gjer det enkelt å ha progresjon i utfordring.

2019 © Eid frivilligsentral