Kringom sin Serviceskyss i Stad kommune

Serviceskyssen er eit dør- til- dør transporttilbod som kan nyttast av ALLE. Serviceskyssen kostar 30 kr kvar veg. Alle som reiser med serviceskyssen må tinge plass kvelden før. Rutenene startar kl 10.00 med retur kl 13.00. Ruter kvar tysdag og laurdag. Tinging av skyss og ruteinformasjon : EID TAXISENTRAL tlf 57860809. Serviceskyssen er eit samarbeid mellom Vestland Fylkeskommune - Kringom, Stad kommune og Eid Taxisentral.

Aldersgruppe: For alle

Særskilt i samband med Koronasituasjonen (gjeldande frå 31.03.2020)

Kringom.no: Serviceskyss-rutene er starta opp att

Som før er rutene opne for alle, men på grunn av koronasituasjonen gjer vi nokre tilpassingar for å legge til rette for at sjåførane og dei reisande i minst mogleg grad vert eksponerte for smitterisiko. Les meir om dette på Kringom.no



Oppdatert informasjon om Serviceskyssen sine rutetilbod finn de på Kringom.no                                                                                                                                                                                                                        

Serviceskyssruter i Eid
 Dag ruta gårTil sentrumFrå sentrum
Lefdal - Kjølsdalen - Stårheim - Remmedalen - Hjelmelandsdalen - Haugen - sentrumTysdag i partalsveker11.0013.00
Navelsaker/Heggjebygda - Leivdalen - sentrumTysdag i partalveker11.0013.00
Torheim - Hunvink - sentrumTysdag i partalsveker11.0013.00
Lefdal - Kjølsdalen - Stårheim - Remmedalen - Hjelmelandsdalen - Haugen - sentrumTysdag i oddetalsveker11.0013.00
Holmøyane - Nord - Bjørlo/Roti - sentrumTysdag i oddetalsveker11.0013.00
Hennebygda - Lote - sentrumTysdag i oddetalsveker11.0013.00
Ytre Skårhaug - Prestemarka - Myklebuståsen - Langeland - Skipenes bru - Os - sentrum Laurdag11.0013.00

 

Tinging
Alle som skal vere med serviceskyssruta må tinge på førehand.
Tinging skjer på telefon 57 86 08 09 seinast kvelden før.

Eigenandel
Eigenandel for passasjerar er kr 30,- pr tur.

Flere aktiviteter

BUA Eid

BUA Eid er open nokre dagar kvar veke. Opningstidene vert annonsert kvar veke på BUA Eid sine facebooksider (sjå lenke nedanfor). Pga Koronasituasjonen får ein ikkje komme inn på BUA Eid. Vi ynskjer at du har gjort klar ei liste over kva du ynskjer å låne på førehand, og så hentar vi utstyret for deg. Gå gjerne inn på bua.io og sjå kva utstyr vi har tilgjengelig! 😀

Handlehjelp

Treng du hjelp til handling og levering av matvarer? Sit du i karantene eller er i risikogruppe? Manglar du ein pårørande eller nokon i nærleiken som kan hjelpe deg? Då kan du nytte deg av dette tilbodet. - Merk at nokre butikkar har eigne tenester, medan andre samarbeider med frivilligsentralane i Eid og Selje.

Hjelp ein sambygding/Praktisk hjelp

Sit du i karantene eller er du i risikogruppa. Treng du hjelp til mindre praktiske gjeremål utanfor heimen. Då kan du kontakte Frivilligsentralen på nett eller på tlf. 41460042, så skal vi prøve å hjelpe. Eid Frivilligsentral treng også fleire frivillige til å hjelpe til med slike småoppdrag. Bur du i indre deler av Stad kommune (frå Bryggja og austover) så ta kontakt.

Middagskøyring

9 mil kvar dag 365 dagar i året, bringer denne gjengen varm middag ut til abonnentar.

Nattevandrer 2021/2022

Saman med Stad kommune, FAU ved Eid Ungdomssklue, Politiet, Nattkafeen på kyrkjetunet og Eid Røde Kors omsorg, organiserer Eid Frivilligsentral Nattevandring i Nordfjordeid sentrum. Stopp Volden er eit landsdekkande program i stadig endring og utvikling. Eigar av konseptet er Norges Røde Kors.

2021 © Eid frivilligsentral