Gåve til ein ukjend

Under juletreet i AMFI Nordfjord kan kjende og ukjende legge frå seg julegåver til ein ukjend. AMFI Nordfjord og Nordfjordeid senter i samarbeid med Flyktningtenesta, Frivilligsentralen, NAV samt fleire andre, samlar inn julegåver til dei som ikkje får eller har moglegheit til å gi gåver til sine næraste. Gåvene vert gjeven til personar i Nordfjord.

Aldersgruppe: For alle

Dersom du vil gi ei gåve til ein ukjend:
- Kan du merke den med alder/storleik og kjønn.
- Legge den under juletreet på AMFI Nordfjord.

Dersom du vil motta ei gåve frå ein ukjend:
- Tek du kontakt med Astrid Grete Torheim på Eid Frivilligsentral tlf.
- Flyktningtenesta eller NAV kan hjelpe å formidle julegåveynskjer.
- Vi har samarbeid med julenissen til dei ulike etatane, som hentar ut julegåver til sine julegjestar.

2019 © Eid frivilligsentral