-
BUA Eid
BUA Eid har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkjande i Stad kommune.BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbodet. BUA EID har utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro! BUA EID held til ved LA-bygget på Langeland.
Stad Demenskor
Har du kognitiv svikt, eller er du pårørande til nokon med kognitiv svikt? Kvar onsdag frå kl. 17.30 - 19.00 øver Stad Demenskor på dagsenteret på Hogatunet bu- og behandlingssenter. Koret vert leia av Unn Elin Carlsen og Kari Standal Pavelich, og det er Stad demensforening som driv aktiviteten. Koret vil gjerne ha fleire med. Demenskoret er eit lavterskeltilbod for personar med demens eller kognitiv svikt.Musikk og samspel med andre kan ha ein positiv effekt på kognitive utfordringar, og kan føre til oppleving av glede og verdifulle augeblikk av meistring. Evna til å synge og huske melodiar beheld dei fleste menneske med demens. Forsking viser at song og musikk har ein positiv effekt på symptom og livskvalitet hjå personar med demens.
Trivelige øvingar
Demenskoret øver på dagsenteret på Hogatunet kvar onsdag ettermiddag. Det er først ei økt med song og musikk. Kvar øving vert avslutta med eit sosialt kveldsmåltid for alle som er med.
Pårørande eller følgjeperson
Alle deltakarane på demenskoret må ha med ein pårørande eller ein følgjeperson på øvinga. Pårørande skal først og fremst vere der for kordeltakaren dersom han/ho treng noko assistanse.
Dei som ønskjer det kan vere med som korvert og lage til kveldsmåltid. Det kan vere at det etterkvart vert lagt opp til samtalegrupper, pårørandeskule eller andre eigne aktivitetar for pårørande. Her vert vegen til medan vi går, og det er lov å kome med ønskje til aktivitetar for pårørande/følgjeperson.
Stad Demensforeining
Demenskoret er ein aktivitet som Stad Demensforeining organiserer og finaniserer, i samarbeid med Stad kommune og Eid Frivilligsentral. Demensforeninga arbeider for auka forståing for demenssjukdom, tilrettelegging av aktivitetar for personar med demens, eit demensvennleg samfunn m.m. Som deltakar/pårørande i koret treng du ikkje vere medlem av foreininga, men Stad Demensforeining er glade for alle som har lyst å vere medlem.
Dersom dette kan vere noko for deg eller nokon du kjenner så kan du tak kontakt med Eid Frivilligsentral på tlf. 41460042 for meir informasjon og påmelding. Stad Demensforening ønskjer gamle og nye songarar velkomne til trivelige onsdagskveldar på Hogatunet.
Del på:
-
Datahjelp på Eid Frivilligsentral
Er det ei nettside du treng hjelp til å finne fram på? Noko rart som dukkar opp på mobilen din? Ein app du vil lære eller installere? Finne ut kvar ting er lagra? Dele bilete frå mobil til Facebook? Måndagar mellom kl. 11:30-14:30 kan du kome innom Eid Frivilligsentralfor å få hjelp med nettbrett, mobil, Mac eller Windows-PC.
-
Datakafè med Seniornett Eid
Kan du litt data frå før, og vil lære meir, anbefalar vi Datakafeane til Seniornett Eid, kvar torsdag på Kringla - Eid Frivilligsentral frå kl. 11.30 - kl. 15.00. Her vert det temaøkter, felles lunsj og muligheit for individuell hjelp på slutten av økta. Seniornett Eid er ein eigen organisasjon tilslutta Seniornett Norge. Vi tilrår difor at eldre databrukarar melder seg inn der. Det er eit medlemskap som kan gi deg mykje att for pengane.
-
Eid datastove
Er du senior og treng opplæring i bruk av smarttelefon, nettbrett eller PC, så meld deg på Eid Datastove! Påmelding til Åsmund Kyrkjeide tlf. 905 84 220 eller Astrid på Eid Frivilligsentral tlf. 41460042.
-
Hjelp ein sambygding/Praktisk hjelp
Treng du hjelp til mindre praktiske gjeremål iheimen. Då kan du kontakte Frivilligsentralen på nett eller på tlf. 41460042, så skal vi prøve å hjelpe. Eid Frivilligsentral treng også fleire frivillige til å hjelpe til med slike småoppdrag. Bur du i indre deler av Stad kommune (frå Bryggja og austover) så ta kontakt.