-
Bli frivillig
Vi ønsker flere frivillige ved sentralen og her kan du melde din interesse.
Erklæring om teieplikt
Personar som tek oppdrag for Eid Frivilligsentral må ha akseptert erklæring om teieplikt.Erklæring om teieplikt - Eid Frivilligsentral
Som frivillig pliktar eg med dette til ikkje å bruke, openbere, utlevere eller på annan måte gjere tilgjengeleg for uvedkomande informasjon om alle personlege opplysningar som eg er blitt kjend med i mitt arbeid knytt til frivilligsentralen.
Eg vil også vise aktsemd i omtale av andre tilhøve som eg blir kjend med eller erfarer i mitt arbeid.
Personlege opplysningar som er gitt av en bruker i samband med sakshandsaming og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykke frå brukaren nyttast internt.
Eg har lest dei lover som er nemnde i denne erklæringa. Eg er dermed klar over straffelova sitt kapittel 21 og helsepersonellova sitt kapittel 5, spesielt § 21. Eg er kjend med at brot på desse lovene kan medføre straffeansvar.
Som frivillig pliktar eg å:
- seie frå når eg er sjuk, eller av annan grunn er hindra i å kome.
- seie frå når noko ikkje fungerer
- seie frå når eg ikkje kan halde fram mitt engasjement, også ferie/ opphald
- seie frå når jeg vil slutte
Eg er kjend med og godtek at kontaktperson (dagleg leiar) har et oppfølgingsansvar og dermed har krav på å høyre korleis kontakten med brukaren går.
Relevante lover
- Straffelovens kapittel 21 § 209 og 210
- Helsepersonellovens kapittel 5, spesielt § 21
Teieplikta sitt omfang
Teieplikta femner om helse- og sjukdomstilhøve, kjensleliv, livssyn, og religion, familietilhøve og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomisk situasjon, fødestad, personnummer, statsborgarskap, yrke, bustad og arbeidstad, - når brukaren gir opplysningar til daglig leiar, frivillig hjelpar, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når vidareformidling kan medføre skadeverknader for den det gjeld.
Bruk på nett
Teieplikterklæringa gjeld også dersom den frivillige har stadfesta at den er akseptert på ei nettside.