Middagskøyring

9 mil kvar dag 365 dagar i året, bringer denne gjengen varm middag ut til abonnentar.

Det blir nokre timar! seier ein av middagskøyrarane som har køyrt sine vakter i snart  15 år. 15-16 personar er med å gjere denne jobben som tilsvarar ca.1,5 årsverk til saman.


Køyrarane møtest på Eid Frivilligsentral 4- 5 gonger i året der grunnlaget for dei neste 14 køyrevekene vert lagt. Vi evaluerer ordninga heile tida, og før vi set opp ny liste samlar vi middagskøyrarane til sosialt treff og gjennomgang av aktuelle utfordringar knytt til aktiviteten. 

Godt vennskap og samhald gir trivsel med å vere frivillig. Gleda og takksemd frå dei som møter deg og tek i mot den varme maten, varmar og.
Eg har tid til overs og likar 
å ta del i noko samfunnsnyttig seier, Terje Heggen ein av dei trufaste middagskøyrarane. 

Vi kan gjerne bli fleire middagskøyrarar:



Flere aktiviteter

BUA Eid

BUA Eid er open nokre dagar kvar veke. Opningstidene vert annonsert kvar veke på BUA Eid sine facebooksider (sjå lenke nedanfor). Pga Koronasituasjonen får ein ikkje komme inn på BUA Eid. Vi ynskjer at du har gjort klar ei liste over kva du ynskjer å låne på førehand, og så hentar vi utstyret for deg. Gå gjerne inn på bua.io og sjå kva utstyr vi har tilgjengelig! 😀

Handlehjelp

Treng du hjelp til handling og levering av matvarer? Sit du i karantene eller er i risikogruppe? Manglar du ein pårørande eller nokon i nærleiken som kan hjelpe deg? Då kan du nytte deg av dette tilbodet. - Merk at nokre butikkar har eigne tenester, medan andre samarbeider med frivilligsentralane i Eid og Selje.

Hjelp ein sambygding/Praktisk hjelp

Sit du i karantene eller er du i risikogruppa. Treng du hjelp til mindre praktiske gjeremål utanfor heimen. Då kan du kontakte Frivilligsentralen på nett eller på tlf. 41460042, så skal vi prøve å hjelpe. Eid Frivilligsentral treng også fleire frivillige til å hjelpe til med slike småoppdrag. Bur du i indre deler av Stad kommune (frå Bryggja og austover) så ta kontakt.

Kringom sin Serviceskyss i Stad kommune

Serviceskyssen er eit dør- til- dør transporttilbod som kan nyttast av ALLE. Serviceskyssen kostar 30 kr kvar veg. Alle som reiser med serviceskyssen må tinge plass kvelden før. Rutenene startar kl 10.00 med retur kl 13.00. Ruter kvar tysdag og laurdag. Tinging av skyss og ruteinformasjon : EID TAXISENTRAL tlf 57860809. Serviceskyssen er eit samarbeid mellom Vestland Fylkeskommune - Kringom, Stad kommune og Eid Taxisentral.

Nattevandrer 2021/2022

Saman med Stad kommune, FAU ved Eid Ungdomssklue, Politiet, Nattkafeen på kyrkjetunet og Eid Røde Kors omsorg, organiserer Eid Frivilligsentral Nattevandring i Nordfjordeid sentrum. Stopp Volden er eit landsdekkande program i stadig endring og utvikling. Eigar av konseptet er Norges Røde Kors.

2021 © Eid frivilligsentral