-
BUA Eid
BUA Eid har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkjande i Stad kommune.BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbodet. BUA EID har utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro! BUA EID held til ved LA-bygget på Langeland.
Datahjelp på Eid Frivilligsentral
Er det ei nettside du treng hjelp til å finne fram på? Noko rart som dukkar opp på mobilen din? Ein app du vil lære eller installere? Finne ut kvar ting er lagra? Dele bilete frå mobil til Facebook? Måndagar mellom kl. 11:30-14:30 kan du kome innom Eid Frivilligsentralfor å få hjelp med nettbrett, mobil, Mac eller Windows-PC.Gje beskjed om kva du treng hjelp til på førehand + tid det passar. Send SMS anten til Lill (934 72 828) eller Kevin (971 84 745), så er du sikker på at du slepp å vente på tur.
Del på:
-
Datakafè med Seniornett Eid
Kan du litt data frå før, og vil lære meir, anbefalar vi Datakafeane til Seniornett Eid, kvar torsdag på Kringla - Eid Frivilligsentral frå kl. 11.30 - kl. 15.00. Her vert det temaøkter, felles lunsj og muligheit for individuell hjelp på slutten av økta. Seniornett Eid er ein eigen organisasjon tilslutta Seniornett Norge. Vi tilrår difor at eldre databrukarar melder seg inn der. Det er eit medlemskap som kan gi deg mykje att for pengane.
-
Eid datastove
Er du senior og treng opplæring i bruk av smarttelefon, nettbrett eller PC, så meld deg på Eid Datastove! Påmelding til Åsmund Kyrkjeide tlf. 905 84 220 eller Astrid på Eid Frivilligsentral tlf. 41460042.
-
Hjelp ein sambygding/Praktisk hjelp
Treng du hjelp til mindre praktiske gjeremål iheimen. Då kan du kontakte Frivilligsentralen på nett eller på tlf. 41460042, så skal vi prøve å hjelpe. Eid Frivilligsentral treng også fleire frivillige til å hjelpe til med slike småoppdrag. Bur du i indre deler av Stad kommune (frå Bryggja og austover) så ta kontakt.
-
Kjøp tennbrikkettar på Kringla Eid Frivilligsentral
No kan du få kjøpe dei populære tennbrikkettane frå Vernepleietenesta sin produksjon på LA-senteret her på Kringla Eid Frivilligsentral. Kr. 30,- pr. pakke. Vi tek også imot lysstumpar som vert nytta i produksjonen. Kom innom i opningstida for ein hyggjeleg handel eller for å levere innsamla lysstumpar.