-
Bli med på klebytedag!
Galyna Gokdere og Naturvernforbundet i Eid dreg igang klebytedag på Møteplassen her i Eidsgata 9 frå kl. 10.00 - 16.00 i morgon laurdag 27. april. Lever inn klede du ikkje lenger brukar og få deg noko fint nytt! Slik fungerer det:
Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 15
Kvar veke lagar vi ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Tysdag har dagleg leiar arbeidsdag i Selje og torsdag deltek vi på temadag for 75 åringar i Operahuset Nordfjord. Her er oversikten over aktivitetar i veke 15.Måndag 08.04.2024
kl. 13.45 - 15.15 Fleirkulturell damegruppe - strikkegruppa (Kringla) arr. Eid Frivilligsentral
Tysdag 09.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 12.00 Sterk og stødig - trimgruppe (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla)
Onsdag 10.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Datastove (Kringla) arr. Eid Datastove
kl. 18.00 Møte - Nordfjordeid sanitetesforening (Møteplassen) arr. Nordfjordeid sanitetsforening
Torsdag 11.04.2024
kl. 11.00 - 13.00 Temaplan - Klima. Ope Sei di meining kontor! (Møteplassen) arr. Stad kommune.
kl. 11.00 Eid og Selje Frivilligsentralar deltek på temadag for 75 åringar i Operahuset Nordfjord.
kl. 12.00 Seniornett - surfekafè med tema; Foto- lagre, finne att og dele (Kringla) arr. Seniornett Eid
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Møteplass (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg
kl. 18.00 Kurs i oppdatering av Foreningsportalen (Møteplassen og digitalt på Teams) arr. Eid Frivilligsentral og Selje Frivilligsentral
Fredag 12.04.2024
kl. 12.00 SeniorQuiz (Kringla)
kl. 20.45 Base for Nattevandrarane (Kringla)
Laurdag 13.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg
I tillegg til alle møteplassane har vi middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag (ei rute laurdag). Vi minner om kurs i oppdatering av Stad Foreningsportal (torsdag 11/4 kl.18.00-19.00). Elles blir det mange kjekke småting innimellom.
Velkomne innom!
Del på:
-
Nyhendebrev 1/2024 - Nytt og nyttig for frivillige i Stad
Her kan du lese nyhendebrevet "Nytt og nyttig for frivillige i Stad". Dette er første utgåva i 2024. Det kjem mellom 4 og 6 slike nyhendebrev i løpet av 2024. I nr. 1 les du om Frivilligkvelden på Bryggja, kartlegging av Frivilligheita i Stad, Kurs i bruk av Stad Foreningsportal, Tilskuddsportalen, og Tilskuddsportalen sin opplæringsvideoar i å skrive søknader.
-
SeniorQuiz på Kringla - Eid Frivilligsentral
Ny kjekk aktivitet på Kringla-Eid Frivilligsentral frå januar 2024. Kvar fredag skipar engasjerte eldsjeler til SeniorQuiz på Eid Frivilligsentral. Det startar presis kl. 12.00. Alle som kjem vert plasserte på eit lag. Ingen Quiz-ar åleine. Det vert servert kaffi og snacks. Dette er blitt ein superkjekk helgestart, og her er plass til mange fleire. Bli med du også. Arrangementet er gratis! Kom og bli med du også!
-
Vi mimrar litt tilbake til rett før jul
Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.
-
Frivillighetens dag 5. desember
I dag er det Frivilligdagen 5. desember. Dette er dagen for å takke alle frivillige for den innsatsen dei legg ned kvar einaste dag. TUSEN TUSEN TAKK!!! Ekstra kjekt for oss her i Stad er at flotte representantar frå frivilligheita i kommunen vår pryder gratulasjonsbannera som Norges Frivilligsentraler har laga til. Dette er bilete frå Klenkarberget sommarcamp og frå Frivilligfestivalen på Nordfjordeid i 2022.