Frivillighetens dag 5. desember

I dag er det Frivilligdagen 5. desember. Dette er dagen for å takke alle frivillige for den innsatsen dei legg ned kvar einaste dag. TUSEN TUSEN TAKK!!! Ekstra kjekt for oss her i Stad er at flotte representantar frå frivilligheita i kommunen vår pryder gratulasjonsbannera som Norges Frivilligsentraler har laga til. Dette er bilete frå Klenkarberget sommarcamp og frå Frivilligfestivalen på Nordfjordeid i 2022.

Frå kl. 13.00 kan du følgje fagseminar og prisutdelingar under den nasjonale markeringa i Oslo (sjå lenkjer nedanfor).  

Her kan du følgje den nasjonale markeringa: Frivillighetens dag

.....og her er gjengen frå Klenkarberget sommarcamp:

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral