Veke 7 på Eid Frivilligsentral

Det er måndag, og veke nr. 7 i 2019 er godt i gang. Det er mange kjekke aktivitetstilbod du kan vere med på her på Eid Frivilligsentral også denne veka.

Bli med på tur (Indre Nordfjord Diabeteslag).Stad: Eksersisplassen. Tid: Måndag kl. 17.30 og torsdag kl. 10.00.
Tysdagskafèen til Eid Pensjonistlag.Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Tysdag kl. 11.00 - 14.00.
Årsmøte i Eid Pensjonistlag. Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Tysdag kl. 15.00
Medlemsmøte Nordfjordeid Rotary klubb. Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Tysdag kl. 18.30 - 19.30.
Fleirkulturell damegruppe/Strikkegruppa. Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Onsdag kl. 13.45 - 15.15.
Trim for alle. Stad: Eidahallen. Tid: Onsdag kl. (15.45) 16.00 - 17.00
Årsmøte i LHL Eid. Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Onsdag kl. 18.30
Torsdagskafè på Elvebøen. Stad: Fellesarealet på Elvebøen. Tid: Torsdag kl. 11.30 - 13.30.
Seniornett kurs -Microsoft Office (Seniornett Eid). Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Torsdag  kl. 11.00 - 13.00
Seniornett årsmøte og surfekafè (Seniornett Eid). Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Torsdag kl. 13.00 - 15.00
Internasjonal kafè (Eid Røde kors omsorg). Stad: Eid Frivilligsentral. Tid: Torsdag kl. 18.00 - 20.00
Sittedans. Stad: Hogatunet bu- og behandlingssenter. Tid: Fredag kl. 10.30 - 11.00
Sittedans. Stad: Eid Eldretun. Tid: Fredag kl. 11.15 - 11.45
Laurdagskafè. (Eid Røde kors omsorg). Eid Frivilligsentral. Tid: Laurdag kl. 11.00 - 14.00.
 
I tillegg er middagskøyrarane ute på oppdrag kvar einaste dag. Denne veka sender vi søknad om midlar til Erasmus + Gruppeutveksling i juli. Får vi midlar vil vi vere vertskap for 24 unge vaksne deltakarar frå Spania, Litauen, Tyrkia og Noreg den første veka i juli. Det kan bli ei spennande sommarveke på Nordfjordeid. Vi jobbar også med årsavslutning og ein del andre småting.
 
 Vi minner om at du kan låne gratis aktivitetsutstyr på BUA Eid. BUA har ope måndag - fredag. Meir informasjon her: https://www.bua.io/utlansordninger/bua-eid
 
 Følg oss også på facebook https://www.facebook.com/eidfrivilligsentral/

Flere nyheter

Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon

Lotteri og stiftelsestilsynet oppmodar no lag og organisasjonar om å søkje momskompensasjon. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,6 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2019. Dei sender no denne meldinga ut til lag og organisajonar:

CruiseDay 2019 – Invitasjon til lag og organisasjonar i Eid

CruiseDay inviterer lag og organisasjonar i Eid til å vere med og skape liv og aktivitet når det er CruiseDay på Nordfjordeid - éin eller fleire gonger i løpet av sommaren 2019. Dette kan både vere ein fin måte å tene pengar på og få vist fram aktiviteten dykkar. Ta kontakt med Eid Frivilligsentral dersom dette høyres spennande ut for ditt lag/organisasjon: Tlf: 41460042, E-post: post@eid.frivilligsentral.no. Klikk deg vidare for meir informasjon.

Bli med på trivelige Elvebøenkafeen

Kvar torsdag i skuleåret sidan 2002, har 9. klassingar ved Eid Ungdomsskule laga til trivelig kafè på Fellesarealet på Elvebøen. Denne vinteren/våren vert det no kafè kvar torsdag (unnateke vinterferien 21. februar) fram til påske. Alle som ønskjer det kan melde seg på og bli med. Velkomne til ein triveleg møteplass på tvers av generasjonane!

FredagsForfattar med Dagfred Berstad

Fredag 1. februar starta vi opp det fjerde året med FredagsForfattar. Og det var Dagfred Berstad frå Ervik på Stadlandet som var dagens forfattar. Han tok oss med på ei spennande reise attende til vikingtida og historia om Ragnvald Raud. Han var også innom kyrkjesoga i Selje, krigshistorie og mykje meir.

Veke 6 - mykje kjekt å glede seg til denne veka!

Det er måndag, og veke nr. 6 i 2019 er godt i gang. Det er mange kjekke aktivitetstilbod du kan vere med på her på Eid Frivilligsentral også denne veka.

2019 © Eid frivilligsentral