Veke 6 - mykje kjekt å glede seg til denne veka!

Det er måndag, og veke nr. 6 i 2019 er godt i gang. Det er mange kjekke aktivitetstilbod du kan vere med på her på Eid Frivilligsentral også denne veka.

Bli med på tur (Indre Nordfjord Diabeteslag). Eksersisplassen - Måndag kl. 17.30 og torsdag kl. 10.00.
Tysdagskafèen til Eid Pensjonistlag.  Eid Frivilligsentral - Tysdag kl. 11.00 - 14.00.
Fleirkulturell damegruppe/Strikkegruppa. Eid Frivilligsentral - Onsdag kl. 13.45 - 15.15.
Trim for alle. Eidahallen - Onsdag kl. (15.45) 16.00 - 17.00
Torsdagskafè på Elvebøen. Fellesarealet på Elvebøen - Torsdag kl. 11.30 - 13.30.
Seniornett kurs -Microsoft Office (Seniornett Eid). Eid Frivilligsentral - Torsdag  kl. 11.00 - 13.00
Seniornett surfekafè (Seniornett Eid). Eid Frivilligsentral - Torsdag kl. 13.00 - 15.00
Internasjonal kafè (Eid Røde kors omsorg) - Torsdag kl. 18.00 - 20.00
Sittedans. Hogatunet bu- og behandlingssenter - Fredag kl. 10.30 - 11.00
Sittendans. Eid Eldretun - Fredag kl. 11.15 - 11.45
Laurdagskafè. (Eid Røde kors omsorg). Eid Frivilligsentral - Laurdag kl. 11.00 - 14.00.
 
 I tillegg er middagskøyrarane ute på oppdrag kvar einaste dag. Dagleg leiar deltek både på møte om nytt Eid Inviterer magasin og planleggingsmøte for Cruiseday denne veka. I tillegg driv vi og utformar ein søknad om midlar til Gruppeutveksling til sommaren. Planen er å invitere 20 ungdomar frå 4 land (inkludert Noreg) til ei spennande sommarveke på Nordfjordeid.
 
 EVS volontørane våre Julie, Gazi og Yannick er i Oslo på midtårsseminar denne veka.
 
Vi minner om at du kan låne gratis aktivitetsutstyr på BUA Eid (. BUA har ope måndag - fredag. Meir informasjon her: https://www.bua.io/utlansordninger/bua-eid
 
Følg oss også på facebook https://www.facebook.com/eidfrivilligsentral/ 

Har du spørsmål til oss, eller ønskjer å vere med på ein aktivitet: Ring 41460042 for ein prat eller kom innom oss i Eidsgata 9.

Flere nyheter
2024 © Eid frivilligsentral