Sommarjobb for ungdom 14 - 20 år

Frivilligsentralane og Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftelsen, Helsedirektoratet og Bufdir tilbyr omlag 25 ungdomar sommarjobb i 2 veker i sommar. Søknadsfrist 4.juni. Vi tilbyr og gratis CV skrivarkurs.

Sommerjobbane blir lagt opp til 2 veker med arbeidstid seks timar pr. dag måndag til fredag.Det er to kategoriar sommarhjelpjobbar:

-Sommarhjelp aktivitet: Skape sommarmøteplassar/-aktivitet for barn/ungdom og drifte BUA.

- Sommerhjelp omsorg: Skape sommaraktivitet for heimebuande eldre/eldre som bur på institusjon.

Du som søkjer:
- er ein ungdom som er fødd mellom 2003 - 2009 (14-20 år) og har folkeregistrert adresse i Stad kommune.
- er ein ungdom som er pliktoppfyllande, kan følgje dei reglar og rutiner som er sett for jobben og møter presis.
- er ein ungdom som er kreativ, serviceinnstilt, likar å organisere aktivitetar og likar å bli kjend med og prate med nye folk.
- vil få god opplæring og oppfølging dersom du får tilbod om jobb.
- må lage ein CV når du søkjer.



Arbeidsstadar: Nordfjordeid og Selje.
Søknadsfrist: Søndag 4. juni.
Oppstart frå veke 26-27.

Her finn du SØKNADSSKJEMA

Lær deg å skrive ein god CV!
Alle som søkjer på sommarhjelpjobbane
må legge ved ein CV.

Vi har hatt 2  CV-kurs på TEAMS:

KLIKK HER FOR Å SJÅ PRESENTASJONEN FRÅ CV-KURSET HER
2023-23-05 CV-kurs

Ein mal på korleis CV - en kan sjå ut finn du er. Hugs at dette er eit døme. Du må fylle inn opplysningane om deg på denne malen.
CV-mal-forste-CV


Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral