Meld deg på til: «Treffpunkt» Frivillig i Stad. Bryggja Grendahus - tysdag 3. september frå kl. 17.30 - 21.00

Korleis søke spelemidlar og andre tilskot til ditt lag? Tysdag 3. september inviterer Stad kommune til samling for lag og organisasjonar som ønskjer oppdatert kunnskap om korleis søkje midlar til å byggje idretts- og nærmiljøanlegg, oppgradere leikeareal og modernisere kulturbygg/forsamlingslokale m.m. Vi stiller med knallgode innleiarar og mat, og håpar mange vil vere med oss denne tysdagskvelden. Stad kommune har som mål å rigge eit sterkt fellesskap mellom de som driv frivillig arbeid og gjer tunge dugnadsløft i heile Nordfjord. Gjennom å bli kjende og dele kunnskap kan vi lettare løfte oss i lag! Målgruppe: Tillitsvalde i idrettslag, friluftsorganisasjonar, frivillige organisasjonar som driv forsamlingshus/grendahus, FAU ved skular og andre interesserte. Arrangementet er ope for deltakarar frå heile Nordfjord.

Kom å bli med oss på ein lærerik tysdagskveld. Fyll ut påmeldingskjema nedanfor!

Flere nyheter
2024 © Eid frivilligsentral