Hurra - det blir 2 økter til med gruppe for personar med parkinson og

Heile 10 personar møtte opp til første treff for personar med parkinson og deira pårørande. Dette var så kjekt at vi organiserer to treff til før sommarferien, seier initiativtakar og frivillig Åse Liv Lote. Det vert fredag 6. juni kl. 13.00 og fredag 13. juni kl. 13.00.

Det vert enkel trim. God prat og sjølvsagt kaffi/te med noko attåt. Det er sjølvsagt gratis å delta. Velkomne til kjekk, sosial og nyttig lavterskel møteplass!

Flere nyheter

FRIVILLIGKVELD 19. MARS 2025

Frivilligkveld er ein av to årlege møteplassar mellom frivilligheita og Stad kommune. Vi møtast for å snakke om viktige tema og skal finne ut korleis ein saman best kan legge til rette for frivilligheit i åra framover. Bryggja Grendahus kl.: 17:30 - 20:30. Vi møtest og inspirerer kvarandre! På frivilligkvelden 2025 skal vi m.a. skipe eit Frivilligråd for Stad og presentere Stad kommune sin frivilligpolitikk 2025-2028. Vi har infotorg der vi oppmodar alle om å ha med informasjon om det dykkar lag driv med. Vi ønskjer å få til "speed dating" der vi fortel kvarandre om kjekke aktivitetar/prosjekt.... og ikkje minst ete god mat frå Bakerie A/S på Bryggja.

Takk til alle som kom på dugnad i Sansehagen 4. juli

Ein fantastisk gjeng på minst 14 stk. stilte på under dugnaden i Sansehagen på Hogatunet bu- og behandlingssenter torsdag 4. juli. Fleire organisasjonar hadde mobilisert medlemmer som hadde tid og lyst og vart med. Mellom dei var Stad Demensforening, Eid Røde Kors omsorg, Nordfjordeid sanitetsforening og Eid Pensjonistlag. Fleire organisasjonar har signalisert at dei vil vere med på dette samarbeidsprosjektet vidare. Tusen, tusen takk til alle som stilte på.

2025 © Eid frivilligsentral