Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon

Lotteri og stiftelsestilsynet oppmodar no lag og organisasjonar om å søkje momskompensasjon. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,6 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2019. Dei sender no denne meldinga ut til lag og organisajonar:

Mange som ikkje søkjer
Erfaring frå tidlegare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste. 

Vi ønskjer å nå fleire
Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. Vi prøver difor å nå ut til desse gjennom kommunane og fylkeskommunane, og ber om hjelp til å formidle informasjonen i denne e-posten til lag og organisasjonar i din kommune/distrikt. 

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden vår. Her finn de og informasjon om viktige endringar i forskrifta som gjev effekt frå søknadsåret 2019. 

Dersom de lurer på noko, ta kontakt med oss på e-post postmottak@lottstift.no eller
telefon 57 82 80 00.

Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfrist
Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2019. 

Sentralledd har tidlegare frist
Merk at sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Må vere registrert i Frivilligregisteret
Alle mottakarar av mva. kompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret
innan 1. september 2019. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd.
Hugs at registrering kan ta litt tid.

Flere nyheter

CruiseDay 2019 – Invitasjon til lag og organisasjonar i Eid

CruiseDay inviterer lag og organisasjonar i Eid til å vere med og skape liv og aktivitet når det er CruiseDay på Nordfjordeid - éin eller fleire gonger i løpet av sommaren 2019. Dette kan både vere ein fin måte å tene pengar på og få vist fram aktiviteten dykkar. Ta kontakt med Eid Frivilligsentral dersom dette høyres spennande ut for ditt lag/organisasjon: Tlf: 41460042, E-post: post@eid.frivilligsentral.no. Klikk deg vidare for meir informasjon.

Bli med på trivelige Elvebøenkafeen

Kvar torsdag i skuleåret sidan 2002, har 9. klassingar ved Eid Ungdomsskule laga til trivelig kafè på Fellesarealet på Elvebøen. Denne vinteren/våren vert det no kafè kvar torsdag (unnateke vinterferien 21. februar) fram til påske. Alle som ønskjer det kan melde seg på og bli med. Velkomne til ein triveleg møteplass på tvers av generasjonane!

FredagsForfattar med Dagfred Berstad

Fredag 1. februar starta vi opp det fjerde året med FredagsForfattar. Og det var Dagfred Berstad frå Ervik på Stadlandet som var dagens forfattar. Han tok oss med på ei spennande reise attende til vikingtida og historia om Ragnvald Raud. Han var også innom kyrkjesoga i Selje, krigshistorie og mykje meir.

Veke 6 - mykje kjekt å glede seg til denne veka!

Det er måndag, og veke nr. 6 i 2019 er godt i gang. Det er mange kjekke aktivitetstilbod du kan vere med på her på Eid Frivilligsentral også denne veka.

Frivilligpolitisk plattform er vedteken

Torsdag 15. mars vedtok Kommunestyret i Eid Frivilligpolitisk plattform for Eid kommune 2018-2021. Dette er blitt eit kortfatta og lettlest dokument med viktige prinsipp, verdiar, forankringar og tiltak for Eid kommune som tilretteleggar for frivillig arbeid. Det er også blitt eit godt dokument for framtidig samarbeid og samskaping mellom Eid kommune og frivillige.

2019 © Eid frivilligsentral