Eid kyrkjelege fellesråd treng fleire frivillige til HalloVenn

Kvart år arrangerer Eid kyrkjelege fellesråd og kyrkjelydane i Eid, Kjølsdalen og på Stårheim HalloVenn i Eid Idrettshus om kvelden 31. oktober. Dei er godt i gang med planlegginga av arrangementet i år, men dei treng framleis nokre fleire frivillige til å hjelpe til. Er det nokon som kan tenkje seg å bidra med 3 timar dugnad denne torsdagskvelden?

HalloVenn er eit aktivitetstilbod til born og familiar, med open idrettshall pakka med aktivitetar. Der vert hoppeslott, energispel, labyring og masse godteri. Du kan kle deg ut eller kome som du er. For å dette flotte arrangementet til å gå rundt treng dei nokre frivillige til.

Kan du tenkje deg å vere med å hjelpe til, så ta kontakt med Jakob på tlf. 40 52 96 33, eller Marta på tlf. 57861755/epost: Marta.Jenny.Elvebakke@eid.kommune.no

Bli med, bli med!

Flere nyheter
2024 © Eid frivilligsentral