EID FRIVILLIGSENTRAL ER STENGT FOR Å AVGRENSE SMITTEFAREN AV COVID-19/Coronaviruset

Vi deltek i stordugnaden. Frå og med 12.03. er alle sosiale møteplassar som vert arrangert på Kringla Eid Frivilligsentral eller i regi av Eid Frivillgsentral stengt inn til vidare. Lista over dei aktivitetar det gjeld finn de nedanfor. Eid Frivilligsentral vil halde fram med middagskøyring i regi av frivillige. Eid Frivilligsentral er stengt for publikumsmottak, men er tilgjengeleg på telefon og epost i ordinær opningstid måndag til fredag kl. 09.30 - 15.00. Ta gjerne kontakt på tlf. 41460042 eller på epost: post@eid.frivilligsentral.no. Berre ta kontakt 😃!

Her er lista over aktivitetar som er innstilt inn til vidare:
- Tysdagskafèen til Eid Pensjonistlag
- Medlemsmøta til Nordfjordeid Rotaryklubb
- Onsdagskafèen på Elvebøen
- Strikkegruppa
- Arabiskkurs
- Seniornett Eid - surfekafè og årsmøtet 18.03.
- Internasjonal kafè
- Sittedansen på Hogatunet
- FredagsForfattar 27.03
- Laurdagskafèen til Eid Røde Kors Omsorg
Vi gledar oss vilt til vi kan starte opp att, men akkurat no og ei tid framover må vi gjere dette for å avgrense smitten av Coronaviruset.

Flere nyheter

Vi mimrar litt tilbake til rett før jul

Vi hadde fantastiske veker rett før jul her på Eid Frivilligsentral og på Selje Frivilligsentral. Pakking og utdeling av matkasser og Orklanett, Juleglede gåvekort, Ønskjetregåver og julegåva til ein ukjend. For eit fantastisk team av frivillige, kommunetilsette, næringsaktørar og andre som stilte på med flittige hender og pengegåver. Røde Kors Sogn og Fjordane laga ein fin artikkel om dette flotte samarbeidet som kjem personar i heile Stad kommune til gode. Takk for ein fin artikkel.

2024 © Eid frivilligsentral