Born og unge under 20 år i Stad, kan frå og med i dag delta på fritidsaktivitet!

Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld gjore tysdag 6. april ei ny vurdering av risikonivå og vidare smitteverntiltak i Stad kommune. Situasjonen vert vurdert slik at ein ikkje lenger ser behov for eigne lokale smitteverntiltak i Stad kommune. Frå onsdag 7. april er det nasjonale anbefalingar og reglar kring smittevern som gjeld i kommunen. Desse samsvarer i stor grad med dei råda som har vore lokalt, men etter dei nasjonale anbefalingane kan barn og unge under 20 år delta på fritidsaktivitetar.
Flere nyheter
2021 © Eid frivilligsentral