Torsdag 20 September 2018
Kl. 11:30 - 13:30, Elvebøen Nordfjordeid
Torsdagskafè på Elvebøen (Avlyst)
Kvar torsdag i skuleåret sidan 2002, har 9. klassingar ved Eid Ungdomsskule laga til trivelig kafè på Fellesarealet på Elvebøen. Sesongstart denne hausten er torsdag 06. september kl. 11.30. Alle som ønskjer det kan melde seg på og bli med. Velkomne til ein triveleg møteplass på tvers av generasjonane!

Elevane har med seg ein hjelpar frå Eid Frivilligsentral, men det er elevane som planlegg menyen, lagar til maten og underhaldninga, serverer og ryddar. Alle som har lyst å ta turen til Elvebøen denne dagen er hjarteleg velkomne.

Synest du dette hadde vore trivelig å delta på. Då melder du deg på til Kjelly på tlf. 95057325 seinast kvelden før.

Det er grupper frå klasse 9B på Eid Ungdomsskule som startar. Her er menyen dei har planlagt:

2024 © Eid frivilligsentral