Onsdag 10 Juni 2020
Kl. 13:45 - 15:15, Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9
Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe
Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe er eit lavterskeltilbod for framandspråklege kvinner, kor vi møtest, snakkar norsk, lærer handarbeid og byggjer eit sosialt nettverk. Kvar måndag på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 kl. 13.45 - 15.15. Bli med du også!

Kvar måndag samlast mellom 10 og 20 norske og framandspråklege kvinner frå 3-4 ulike verdsdelar til sosialt samvær.

 Målet er å skape eit trygt sosialt forum for framandspråklege og norske kvinner der dei:
- lærer å snakke norsk-byggjer sosialt nettverk og opplever tilhøyring i eit dynamisk fellesskap-kan dele kvardagslege opplevingar og drøfte aktuelle saker i nærmiljøet.

Dette er eit fint "springbrett" til å delta i andre liknande aktivitetar som t.d. Språkvenn arrangert av Nordfjordeid Sanitetsforeing, Språkkafè arrangert av Eid Bibliotek og Internasjonal kafè arrangert av Eid Røde Kors omsorg.

Det er også ein kjekk plass der vi oppdaterer kvarandre om ting som skjer og aktivitetar vi kan bli med på i nærmiljøet.

2024 © Eid frivilligsentral