Onsdag 19 Desember 2018
Kl. 13:45 - 15:15, Eid Frivilligsentral
Fleirkulturell damegruppe/Strikkegruppa
Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe er eit lavterskeltilbod for framandspråklege kvinner, kor dei møtast, snakkar norsk, lærer handarbeid og byggjer eit sosialt nettverk. Kvar onsdag få Eid Frivilligsentral kl. 13.45 - 15.15. Bli med du også!

Kvar onsdag samlast mellom 10 og 20 norske og framandspråklege kvinner frå 3-4 ulike verdsdelar til sosialt samvær.

 Målet er å skape eit trygt sosialt forum for framandspråklege og norske kvinner der dei:
- lærer å snakke norsk-byggjer sosialt nettverk og opplever tilhøyring i eit dynamisk fellesskap-kan dele kvardagslege opplevingar og drøfte aktuelle saker i nærmiljøet.
-lærer norsk handverk -får tur og kulturopplevingar saman med andre.

Dette er eit fint "springbrett" til å delta i andre liknande aktivitetar som t.d. Språkvenn arrangert av Nordfjordeid Sanitetsforeing, Språkkafè arrangert av Eid Bibliotek, Kulturmøte arrangert av Eid Bibliotek og EId Frivilligsentral og Internasjonal kafè arrangert av Eid Røde Kors omsorg.

Det er også ein kjekk plass der vi oppdaterer kvarandre om ting som skjer og aktivitetar vi kan bli med på i nærmiljøet.

2024 © Eid frivilligsentral