Erklæring om teieplikt

Personar som tek oppdrag for Eid Frivilligsentral må ha akseptert erklæring om teieplikt.

Erklæring om teieplikt - Eid Frivilligsentral

Som frivillig pliktar eg med dette til ikkje å bruke, openbere, utlevere eller på annan måte gjere tilgjengeleg for uvedkomande informasjon om alle personlege opplysningar som eg er blitt kjend med i mitt arbeid knytt til frivilligsentralen.

Eg vil også vise aktsemd i omtale av andre tilhøve som eg blir kjend med eller erfarer i mitt arbeid.

Personlege opplysningar som er gitt av en bruker i samband med sakshandsaming og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykke frå brukaren nyttast internt.

Eg har lest dei lover som er nemnde i denne erklæringa. Eg er dermed klar over straffelova sitt  kapittel 21 og helsepersonellova sitt kapittel 5, spesielt § 21. Eg er kjend med at brot på desse lovene kan medføre straffeansvar.

Som frivillig pliktar eg å: 

  • seie frå når eg er sjuk, eller av annan grunn er hindra i å kome. 
  • seie frå når noko ikkje fungerer 
  • seie frå når eg ikkje kan halde fram mitt engasjement, også ferie/ opphald 
  • seie frå når jeg vil slutte

Eg er kjend med og godtek at kontaktperson (dagleg leiar) har et oppfølgingsansvar og dermed har krav på å høyre korleis kontakten med brukaren går. 

Relevante lover

Teieplikta sitt omfang

Teieplikta femner om helse- og sjukdomstilhøve, kjensleliv, livssyn, og religion, familietilhøve og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomisk situasjon, fødestad, personnummer, statsborgarskap, yrke, bustad og arbeidstad, - når brukaren gir opplysningar til daglig leiar, frivillig hjelpar, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når vidareformidling kan medføre skadeverknader for den det gjeld.

Bruk på nett

Teieplikterklæringa gjeld også dersom den frivillige har stadfesta at den er akseptert på ei nettside.

2024 © Eid frivilligsentral